Kolbein Haga

hagaEtter utdanning som organist og kantor ved Norges musikkhøgskule i Oslo (Bjørn F. Boysen), og Det kgl. danske musikkonservatorium i København (Finn Viderø): 
Debut som orgelsolist i København og Oslo hausten 1976.
Han har vore organist og kantor i Den norske kyrkja i 25 år, og arbeider innan dette området som fri kunstnar, som konsulent og som gjesteførelesar innan kyrkjemusikk og orgelbygg, Kolbein Haga er fyrsteamanuensis orgel- og kyrkjemusikk og har vore medansvarleg for kyrkjemusikarutdanninga ved Universitetet i Stavanger / Musikkonservatoriet frå 1980-2000.
Vidare har han arbeidd som prosjektleiar for kyrkjemusikk og rekruttering i KA Kyrkjeleg arbeidsgjevar og interesseorganisasjon sentralt i Den norske kyrkja.
Kolbein Haga har gitt konsertar og gjort radio- og plateinnspelingar i Norden, Baltikum, Sveits, Holland, Storbritannia  og Tyskland. Dette har m. a. resultert i tre CD-ar med Bach.
Han er leiar for Norsk orgelfestival, etablert 1990. (www.orgelfestival.no) 
Over 30 oppdrag har han på samvitet som orgelsakkunnig konsulent, – mest med nybygg, men også med ferdigstilling av forprosjekt, restaurasjonar og ombyggjingar,  samt synfaringar,  tilstandsrapportar og løysingsforslag i samband med problematikken reparasjon/nybygg og kompetansevurderingar ved val av aktuell fagekspertise.

Større oppdrag dei siste åra:

År Sted Oppdragsgiver Type oppdrag Størrelse Orgelbygger
2000 Høgskulen i Tromsø UIT Nybygg 23 st. Gebr. Jehmlich
2003 Bryne kyrkje Bryne KF Utvidelse 34 st. Andersen & Bruhn
2005 Lakselv kyrkje Lakselv KF Nybygg 12 st. Albert lands eftf.
2004 Kampen kirke Stavanger KF Utvidelse 24 st. Frobenius
2001 Ferkingstad kirke Drammen KF Renovering/omint. 12 st. Jehmlich (NOHF)
2000 Grønåsen kirke Tromsø KF Forprosjekt 22 st/2 tr. Alfred Führer
error: Content is protected !!